Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 6. juni 2012

209

(6. juni: Til så lenge)

Nokon må minnast det uminnelege.
Nokon må nemne det unemnelege.

Derfor stig det fram
i sitt eige lys,
når dørene, vindauga, ventilane er lukka
og huset er seg sjølv

med dei som gjekk her,
med dei som opna dørene og gjekk ut
eller inn
her.

Dei treng ikkje minnast.
Dei treng ikkje nemnast.
Det er for seint for deira del

men så lenge dørene, vindauga, ventilane
er lukka får ikkje vinden tak
i dei morkne skuggane deira
og orda som skal spreiast som støv

og sopelimen av lys
når ikkje inn i store rom, små krokar.
Husj! Hut dykk ut!
Vi vil ikkje vita av dykk.

Til så lenge:
la det skinne på innsida av alt,
det svarte støvet i lufta,
la det synke i stilla
og kle seg i kvite laken.
Om det er det som må til.

Nokon må minnast det uminnelege.
Nokon må nemne det unemnelege.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar