(11. juni: Tida skal koma - As time goes by II )
Eg er
den eg er,
seier du,
tullprat, du er
den tida
har gjort deg til
når du står der
med krylryggen mot strømmen
og ser tida renne
frå deg
som vatn mellom fingrane
drikk du, fyller du deg
med tid,
ravar rundt i ørska,
tung i buken av ufordøyd
tid
og likevel maktar du ikkje
å halde på vatnet
og tida
om du snur deg
med ansiktet mot strømmen
vil du sjå
at tida skal koma
til deg,
skylle over deg, reinske deg,
forme deg
med tida blir du
den du er.
Eg er
den eg er,
seier du,
tullprat, du er
den tida
har gjort deg til
når du står der
med krylryggen mot strømmen
og ser tida renne
frå deg
som vatn mellom fingrane
drikk du, fyller du deg
med tid,
ravar rundt i ørska,
tung i buken av ufordøyd
tid
og likevel maktar du ikkje
å halde på vatnet
og tida
om du snur deg
med ansiktet mot strømmen
vil du sjå
at tida skal koma
til deg,
skylle over deg, reinske deg,
forme deg
med tida blir du
den du er.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar