Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





tirsdag 5. juni 2012

210

(5. juni: Mitt skip er lasta med)

Tungt lasta - men i innerleia



















Ho følger ytterleia
fordi ho er tungt lasta
og strevar med å manøvrere
i trange farvatn.

Utafor seg har ho storhavet,
det ruggar jamnt i ho,
og innafor seg har ho
det velsigna landet,
men med ein glefsande tanngard
av fleser og fluer.

Bergingsvona er å finne leia
utanom dei verste brotta
og dei smalaste sunda,
halde seg unna dei små lyktene
og styre etter dei ruvande fyra.

Tankane er lasta med kjemikalier
og eit forlis kan bli ein katastrofe
for mange.
Først når ho nærmar seg hamn,
får ho los om bord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar