(5. april: Leik)
Latteren sit like laust
i hylsteret som vatnet
i tanken
på vasspistolen
eit lett trykk
på dei rette punkta
og fontenene fyller stilla
med glitrande søyler
av uforstilt glede
eg har gått lenge
i skumringstimar
og over karrig fjell
no ser eg regnbogen skinne
i strålen frå vasspistolen
og supar i meg livet
frå oppkommet av latter
og leik.
Eg er ein priviligert mann
med tilveret fylt
av eit leande barnebarn
ein dansande hund.
Latteren sit like laust
i hylsteret som vatnet
i tanken
på vasspistolen
eit lett trykk
på dei rette punkta
og fontenene fyller stilla
med glitrande søyler
av uforstilt glede
eg har gått lenge
i skumringstimar
og over karrig fjell
no ser eg regnbogen skinne
i strålen frå vasspistolen
og supar i meg livet
frå oppkommet av latter
og leik.
Eg er ein priviligert mann
med tilveret fylt
av eit leande barnebarn
ein dansande hund.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar