Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





torsdag 23. februar 2012

313

(23. februar: Meldingar frå isolata)

Ho skreiv desperate
meldingar til meg mellom permar
av papp, på falsa sider
eg måtte skjera opp
med kniv.

Eg såg alltid etter ansiktet hennar
bak rutene  på kvinneavdelinga
på Gaustad, las alle dikta
frå isolatet og visste
at ho var der,
like ved meg,
og ville berre gi ho
mine svar som gjest
i røydomen.

Ho skriv desperate
meldingar til meg i dogga
når ho pustar på ruta.
Ho er isolert frå verda
fordi den kan vera smittsam,
for farleg for ho,
men eg er inkludert
i einsemda blant alle
som føler med meg.

Ho er stum bak det lydtette
glasset, forstår ikkje
at eg må lesa meldingane baklengs
og at dogga er borte
før eg får løyst koden.

Auga mine svir
av all stirringa.
Å gråte tener ikkje
til noko. Og Gunvor Hofmo
viste seg aldri
for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar