(19. februar: Fastelavnssøndag)
Det går ein liten straum
under skinnet, ei kribling
under huda
råka i isen
har blitt større, den blå
blå himmelen kikkar seg sjølv
i auget
og det svarte djupet
trekker seg inn i seg sjølv.
Det er ei lita glede
som tørkar vekk krembarten
etter fastelavnsbollene, smakar
på eigne krefter
og føler seg større
enn før.
Det går ein liten straum
under skinnet, ei kribling
under huda
råka i isen
har blitt større, den blå
blå himmelen kikkar seg sjølv
i auget
og det svarte djupet
trekker seg inn i seg sjølv.
Det er ei lita glede
som tørkar vekk krembarten
etter fastelavnsbollene, smakar
på eigne krefter
og føler seg større
enn før.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar