(24. februar: Blodpropp)
Årstidene stemmer ikkje
med røynda.
Det er midtvinters
væskene stivnar, dreg seg saman,
dekker overflata med is
og skyt tæle innover
mot det varme jordhjartet.
No er morgonstien isfri.
Bilene badar i smeltevassdammane,
men blodet vil ikkje sleppe taket
i vinteren, pustar tungt
og koagulerer til ein propp
i lungene.
Eg tok på meg findressen
i dag og følgte ein gammal kollega
til grava. Vindbelgen herja
med kirketårnet
og blåste nesten anden
ut av orgelpipene.
Ho skal sette sprøyter
morgon og kveld for at blodet
skal strømme fritt. Å, nei,
vi kan ikkje puste fritt.
Årstidene stemmer ikkje
med røynda.
Det er midtvinters
væskene stivnar, dreg seg saman,
dekker overflata med is
og skyt tæle innover
mot det varme jordhjartet.
No er morgonstien isfri.
Bilene badar i smeltevassdammane,
men blodet vil ikkje sleppe taket
i vinteren, pustar tungt
og koagulerer til ein propp
i lungene.
Eg tok på meg findressen
i dag og følgte ein gammal kollega
til grava. Vindbelgen herja
med kirketårnet
og blåste nesten anden
ut av orgelpipene.
Ho skal sette sprøyter
morgon og kveld for at blodet
skal strømme fritt. Å, nei,
vi kan ikkje puste fritt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar