(21. februar: Dette er berre ein prøve)
Testing / testing / testing
i dag fyller Harald og Guillermo
år, ein konge av eit land
og ein flyktning
utan land
testing / testing / testing
dette er berre ein prøve
for landet vårt:
bestått / ikkje
bestått, eg gløymer ikkje feiringa
da Guillermo og Sandra
blei norske statsborgarar
testing / testing, kanskje
kjem Kongen
eller enno ein flyktning
utan land mens vi går gjennom
vår private
testing / ein - to - tre:
CT
ein prøve i venting,
prøve i livet
vidare, prøve i livet
etterpå
etter at svara
har komi, etter
at vi veit det vi ikkje
veit no
etter at vi har fått vita
det
vi vil vita eller
det
vi ikkje vil vita
Testing / testing /
testing. Gratulerer
med dagen, dette
er berre ein prøve.
Testing / testing / testing
i dag fyller Harald og Guillermo
år, ein konge av eit land
og ein flyktning
utan land
testing / testing / testing
dette er berre ein prøve
for landet vårt:
bestått / ikkje
bestått, eg gløymer ikkje feiringa
da Guillermo og Sandra
blei norske statsborgarar
testing / testing, kanskje
kjem Kongen
eller enno ein flyktning
utan land mens vi går gjennom
vår private
testing / ein - to - tre:
CT
ein prøve i venting,
prøve i livet
vidare, prøve i livet
etterpå
etter at svara
har komi, etter
at vi veit det vi ikkje
veit no
etter at vi har fått vita
det
vi vil vita eller
det
vi ikkje vil vita
Testing / testing /
testing. Gratulerer
med dagen, dette
er berre ein prøve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar