(22. februar: Eigenvekt)
I den eine vektskåla
ligg kvardagane,
i den andre
sjukdommen.
Sjukdommen veg alltid mest,
har størst eigenvekt,
og bringer verda ut av bane,
rotasjonen går feil veg
så sola står opp att der
ho gjekk ned
og det blir berre grålysing
og skumring, grålysing
og skumring
men av og til
blir kvardagane mine tyngre,
bikkar vektskåla
verda kjem i balanse
da fyller sjukdommen
på med meir,
veg alltid tyngst
og stansar
på natt.
I den eine vektskåla
ligg kvardagane,
i den andre
sjukdommen.
Sjukdommen veg alltid mest,
har størst eigenvekt,
og bringer verda ut av bane,
rotasjonen går feil veg
så sola står opp att der
ho gjekk ned
og det blir berre grålysing
og skumring, grålysing
og skumring
men av og til
blir kvardagane mine tyngre,
bikkar vektskåla
verda kjem i balanse
da fyller sjukdommen
på med meir,
veg alltid tyngst
og stansar
på natt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar