(27. februar: Fotfeste)
Fotfestet kan vera avgjørande
for liv eller død.
Her om dagen fann eg
eit rådyrkadaver som gaupa
hadde tatt og gravd ned i snøen
i kanten mellom isen og skogen.
I dag fann eg åstaden
for drapet: ute på glattisen
hadde Bambi møtt døden
fordi dei glatte klauvene
ikkje fann feste,
mens dei mjuke gaupepotene
byksa lett over isen.
Livet har vorti glattare
og brattare
dei siste åra.
Det glepp rett som det er
under føttene av operasjonar,
medisinar, infeksjonar og prøvesvar.
Eg har lagt meg til
ein glidande gange og syg
meg fast til isen.
Eg er blitt ein mester
i å finne fotfeste i små sprekker
når eg skal opp.
Og røyner det skikkeleg på
tyr eg til klatretaug
og isbroddar.
Fotfestet kan vera avgjørande
for liv eller død.
Her om dagen fann eg
eit rådyrkadaver som gaupa
hadde tatt og gravd ned i snøen
i kanten mellom isen og skogen.
I dag fann eg åstaden
for drapet: ute på glattisen
hadde Bambi møtt døden
fordi dei glatte klauvene
ikkje fann feste,
mens dei mjuke gaupepotene
byksa lett over isen.
Livet har vorti glattare
og brattare
dei siste åra.
Det glepp rett som det er
under føttene av operasjonar,
medisinar, infeksjonar og prøvesvar.
Eg har lagt meg til
ein glidande gange og syg
meg fast til isen.
Eg er blitt ein mester
i å finne fotfeste i små sprekker
når eg skal opp.
Og røyner det skikkeleg på
tyr eg til klatretaug
og isbroddar.
Liker , liker !
SvarSlett