(26. februar: Forsøk på å overskride)
Det er fristande
å røre ved den glødande sjøanemona
der ho svaiar i ein einsam vals
i straumen.
Ei rose er ei rose
er ei rose, men ei sjøanemone
er noko anna, ho gror rett på steinen
i eit anna element.
Det svir ein augneblink
i det eg stryk mot henne
og neslenålene trenger inn
i den kjenslevare fingertuppen
før ho trekker seg inn i seg sjøl,
beskytta mot mi velmeinte berøring.
Vi høyrer ikkje til
i den samme verda.
Det er fristande
å røre ved den glødande sjøanemona
der ho svaiar i ein einsam vals
i straumen.
Ei rose er ei rose
er ei rose, men ei sjøanemone
er noko anna, ho gror rett på steinen
i eit anna element.
Det svir ein augneblink
i det eg stryk mot henne
og neslenålene trenger inn
i den kjenslevare fingertuppen
før ho trekker seg inn i seg sjøl,
beskytta mot mi velmeinte berøring.
Vi høyrer ikkje til
i den samme verda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar