(20. februar: Hardhuda sjel)
Eg teller ned
dag for dag dette året
til endes
dette livet
som for lengst
har passert zenit,
har gjort meg til far
og bestefar
som teller meg ned
gjennom nye generasjonar
og lagerfører alt
eg har samla på
Eg har godt grokjøtt
i sjela
eg samlar ikkje på sår,
eg samlar på arr
og når eg har telt ned
til null
er det ei hardhuda sjel
dei lempar i ovnen,
fattar ikkje lett fyr,
men ulmar og brenn
lenge.
Eg teller ned
dag for dag dette året
til endes
dette livet
som for lengst
har passert zenit,
har gjort meg til far
og bestefar
som teller meg ned
gjennom nye generasjonar
og lagerfører alt
eg har samla på
Eg har godt grokjøtt
i sjela
eg samlar ikkje på sår,
eg samlar på arr
og når eg har telt ned
til null
er det ei hardhuda sjel
dei lempar i ovnen,
fattar ikkje lett fyr,
men ulmar og brenn
lenge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar