(18. februar: Det fyk på Eidsfjell)
Det fyk på Eidsfjell.
Fokket står frå nut
til nut som flagrande hår
på ein gammal skalle
dei djupe skorene
og dei svarte svåa stikk fram
frå tjafset og skal stå sånn,
evindeleg, utsett for frostsprenging,
flaum og ras
alt det har å sjå fram til
er eit par hektiske sommarmånader
med vekst og forplantning
og berre tanken
er nok til at det rødmar svakt
i solrenning og håp.
Og eg trur at dette
blir ein fin dag.
Det fyk på Eidsfjell.
Fokket står frå nut
til nut som flagrande hår
på ein gammal skalle
dei djupe skorene
og dei svarte svåa stikk fram
frå tjafset og skal stå sånn,
evindeleg, utsett for frostsprenging,
flaum og ras
alt det har å sjå fram til
er eit par hektiske sommarmånader
med vekst og forplantning
og berre tanken
er nok til at det rødmar svakt
i solrenning og håp.
Og eg trur at dette
blir ein fin dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar