(11. mars: Bever - Castor fiber)
Eg gikk ned til båtplassen i morges for å sjå etter båten min etter vinteren, men oppdaga at beveren hadde vori der før meg. Han hadde felt ei stor osp rett ved sida av båten, men berre stubben stod att. Heile treet hadde han dratt med seg til beverhytta som for og bygningsmateriale.
Men i tillegg var han i ferd med å felle fleire osper, og ei av dei kunne komme til å falle tvers over den omvendte kjølen. Eg drog derfor stavnen litt til sides, for eg forventar ikkje at beveren skal ta omsyn til behova mine.
I det heile tatt har eg gjennom dei tilfeldige studia mine av beveren sitt liv og lagnad, komi til den konklusjonen at beveren er like vilkårleg som døden. Dei fleste trea feller han berre for å halde reiskapen kvass og dugleiken ved like. Ikkje fordi han er svolten.
Bever i Norefjorden |

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar