(24. september: Til Khejbejda Ho)
Tenk å finne eit land!
Etter å ha segla rundt
etter mangelfulle kart
bortafor grensene for fornuften
der tru og trass er einaste navigasjonsmiddel,
på randa av mytteri
ropar plutseleg utkikken
Land!
da kan det gjerne vera Jamal
verdas ende mot nord,
ein låg odde av sand
der floa for lengst har vaska
El Dorado sine skattar ut i havet
eller dei lykkelege øyane
til hyperborearane, bakom mørkret
der sola berre kviler seg mot horisonten
ved kveldsleite
for du har segla med draugen til rors
gjennom natta og ser fruktrea blomstre
i dagggryet og bera moden frukt
i skumringa
eller Kunnan, huldrelandet, eg stirra etter
vest i havet frå fjærakanten min,
der er det! der er det! så nært
at det måtte ta meg
eit heilt liv å nå det,
same kva for ei naken strand
eg har oppdaga
vil det alltid vera Khejbejda Ho,
det Heilage Landet.
Tenk å finne eit land!
Etter å ha segla rundt
etter mangelfulle kart
bortafor grensene for fornuften
der tru og trass er einaste navigasjonsmiddel,
på randa av mytteri
ropar plutseleg utkikken
Land!
da kan det gjerne vera Jamal
verdas ende mot nord,
ein låg odde av sand
der floa for lengst har vaska
El Dorado sine skattar ut i havet
eller dei lykkelege øyane
til hyperborearane, bakom mørkret
der sola berre kviler seg mot horisonten
ved kveldsleite
for du har segla med draugen til rors
gjennom natta og ser fruktrea blomstre
i dagggryet og bera moden frukt
i skumringa
eller Kunnan, huldrelandet, eg stirra etter
vest i havet frå fjærakanten min,
der er det! der er det! så nært
at det måtte ta meg
eit heilt liv å nå det,
same kva for ei naken strand
eg har oppdaga
vil det alltid vera Khejbejda Ho,
det Heilage Landet.
Da jeg bodde i Vardø, blei jeg veldig fascinert av fangsten i Østisen, utforskinga av nordøstpassasjen og urfolka nenets og komi. Så seint som på 1870-tallet var det mange kvite flekker på kartet i dette området, og norske fangstmenn oppdaga "nytt" land. Men det har alltid vært myter om hellige land nord under midnattssola. For nenetsene var det Khejbeja Ho, for grekerne de hyperboreiske øyene, for nordlendingene Utrøst - og for trønderne: Kunnan.
SvarSlett