(10 oktober: Merkt for livet)
Du har merkt deg sjølv
for livet med ankhen,
løkka og T'en, det heilage
teiknet som nokon seier
symboliserer æva og livet vårt
frå fødsel til død.
No har dei tatovert deg
for livet med strålepunkt
rundt bekkenet,
opphavet til det forgjengelege livet,
for å legge deg inn i tidsmaskina si
og seie: Vi gir deg
meir tid og ei sterkare sol
som trenger inn i deg
og føder deg
enno eit lite liv.
Og du bøyer deg
for medisindoktorane,
men nektar å sleppe trua
på at du skal stå opp att
frå maskina
på trettandagen.
Framstilling av egyptisk religion på papyrus - gave frå mora mi da ho kom frå Egypt. |
Du har merkt deg sjølv
for livet med ankhen,
løkka og T'en, det heilage
teiknet som nokon seier
symboliserer æva og livet vårt
frå fødsel til død.
No har dei tatovert deg
for livet med strålepunkt
rundt bekkenet,
opphavet til det forgjengelege livet,
for å legge deg inn i tidsmaskina si
og seie: Vi gir deg
meir tid og ei sterkare sol
som trenger inn i deg
og føder deg
enno eit lite liv.
Og du bøyer deg
for medisindoktorane,
men nektar å sleppe trua
på at du skal stå opp att
frå maskina
på trettandagen.
Kona mi har ei tatovering av ankhen på ankelen. For å få strålebehandling blei hun tatovert med noen punkt som brukes til å stille inn strålemaskina sånn at den treffer riktig. Hun skal ha 12 behandlinger. Trettandagen er i norsk folketradisjon den dagen da jula er over. På papyrusbildet kan dere se ankhen mellom figurene.
SvarSlett