(17. september: Syklisk)
Dei seier det skal snø
tre gonger
før han legg seg.
No har vi hatt det første
snøfallet
og eg måtte ut
for å minnast
korleis det kjentest
med blautt, kaldt slaps
mot kinnet.
Da eg kom inn
kjente eg at huda brann
av kulde, at blodet
strømma gjennom kapillarårene
for å bringe varmen
tilbake til sjølv den minste cella.
Det er derfor
eg kan føle meg trygg på
at det kjem ein vår
igjen.
Dei seier det skal snø
tre gonger
før han legg seg.
No har vi hatt det første
snøfallet
og eg måtte ut
for å minnast
korleis det kjentest
med blautt, kaldt slaps
mot kinnet.
Da eg kom inn
kjente eg at huda brann
av kulde, at blodet
strømma gjennom kapillarårene
for å bringe varmen
tilbake til sjølv den minste cella.
Det er derfor
eg kan føle meg trygg på
at det kjem ein vår
igjen.
Av og til er det ei trøst i kunne konstatere at verden går siden gang, at syklusene fungerer.
SvarSlett