Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





lørdag 31. mars 2012

276

(31. mars: Verdas ende)

Eg har alltid hatt lyst
til å reise til verdas ende,
der landjorda tar slutt
og der det berre er hav
og himmel att.

Det tok meg mange år
å innsjå
at det alltid er nytt land
bortanfor det havet
og under den himmelen
eg ser

og at det ikkje finnest nokon stad
der eg kan sette meg ned,
kvile og seie: no
har eg sett alt

kvar gong eg kjem til ein odde,
eit nes, eit skag
som på eit framandt språk
betyr det som alle språk
har eit navn for
veit eg at eit nytt kontinent
ventar etter ein liten pustepause
frå det daglege strevet

at livet
ikkje er ei line
men ein ball
å halde balansen på.

fredag 30. mars 2012

277

(30. mars: Forvitring)

Orda mine forvitrar.
Utsett for sol og frost
flaknar dei av veggen
eg skriv dei på

med første regnskyll
forsvinn dei kvar til sitt
på Facebook og blogg,
i stikkrenner, avløp

noen går gjennom renseanlegg
før dei fer vidare
der dei ureine
blir att

men andre flyt vidare
med vilkårlege straumar
som blir sterkare
og sterkare

til dei når havet.
Dei tyngste blir avsett
i deltaet, rett ved land,
men dei finaste

dei lettaste svevar
langt, langt vekk.
Men til slutt søkk dei alle

til ein eller annan botn,
blir utsett for trykk og varme
og blir forsteina
i eit nytt mønster

eit nytt språk.
Og ingen vil nokon gong vite
at det var mine ord.

torsdag 29. mars 2012

278

(29. mars: Svartspett)

I heile vinter
har to svartspettar følgt meg
på morgonturen min.
Kri, kri, kri, skrik dei.
Dei flyg ut
frå armane mine
som svarte flak av sorg
som løsnar frå natta
og gøymer seg
i dei tettaste granene.

Kri, kri, kri, høyrer eg
i vårmorgonen, men det kjem ikkje
frå meg, eg ser dei ikkje
for dei har funni seg
eit rotnare tre å hakke
og hekke i
enn her hos meg.

Kri, kri, kri, seier dei,
vi gløymer deg ikkje.

onsdag 28. mars 2012

279

(28. mars: MOT)


















MOT til å leve
ut drømmane sine
på scenen står ungdommar
eg har kjent frå dei var små
og ein ungdom som kom
frå Afghanistan for to år sidan
og syng, spelar og dansar

MOT til å bry seg
når vi sit i ring i klasserommet
og alle skriv gode ord
om kvarandre og sender dei rundt
og kvar enkelt skriv
det viktigaste i livet sitt
på sidene på ein trekloss

MOT til å seie nei
ta sine eigne valg, ta av
frå konformiteten sin motorveg
og finne omvegane
der utsikten er unik
og dei kan stanse når dei vil.

Mens eg er saman med ungdommar
på konsert er ho på sjukehuset
for å starte på ny behandling
med cellegift. Ho har sin eigen veg
å gå, sine eigne bakkar
å klyve, det einaste
ho treng no
er ein ny utsikt og MOT
til å leve.

tirsdag 27. mars 2012

280

(27. mars: 113)



















Ho skriv holografisk
skrift med hjartet
todimensjonale prikkar
og streker
blir tredimensjonale hologram
som vender seg til verda
i eit uendeleg fargespekter.

Eg skriv morsesignal
i maskinkode med digtale prikkar
og streker
MAYDAY, MAYDAY,
SOS og sender naudmeldinga mi
i uendeleg tal ut i den virtuelle verda
i svart og kvitt

Vi er like desperate,
ho og eg,
men koden min
er det ingen som skjønar,
det er meldinga hennar
som når fram
til redningsfolka.

mandag 26. mars 2012

281

(26.mars: Fjorden, baby)


















Den blanke, blanke fjorden
speglar himmelen
og skjuler
djupet
er det alt
han gjør

du ser godt
ut, seier dei og føler
med meg, det må vera
hardt, eg greier meg,
seier eg
det er alt
eg gjør.

søndag 25. mars 2012

282

(25. mars: Seriestart)

Det er to slags bakrom
det eine er lukka og løynd
eit hemmeleg kammer der berre dei utvalgte
har adgang og døra er gøymd
bak passord og koder og magiske riter
og dei som trør inn der, slitne og herja,
får del i noko større, prisgitt
yppersteprestar og gudfedre

det andre bakrommet
er ope, den synlege flata
mellom motstandarane mine og målet
det sårbare punktet i forsvaret deira
hælen til Akilles
rommet som eg kan løpe inn i
for å putte ballen i kassa, slå spikeren
i kista, gjøre meg sjølv til helten
prisgitt den befriande pasninga
frå lagkompisen min

utan han er eg berre ein tulling
som vimar rundt utan meining
med målet, det hjelpelasuse byttet
for offsidefella.

lørdag 24. mars 2012

283

(24. mars: Stille klokka framover)

Sakte stig fjorden, umerkeleg
rykkar han fram i lendet
fordi det er flaum
ein annan stad

og isflaka seglar fortare
med straumen
på den speglblanke yta
fordi isen går
ein annan stad

for det er så mykje i verda
som ikkje bryr seg med meg,
som eg ikkje rår med
og eg kan godt nekte for
at fjorden stig
til eg blir blaut på føttene

og eg kan godt tru at isen ligg
til ungane kjem springande
i badevika
og eg kan godt la vera
å stille klokka fram
til sommartid

og koma for seint til alt
som skjer.
Eg blir fjernstyrt
av verda og synest det er
heilt greit.

fredag 23. mars 2012

284

(23. mars: Tanymastix stagnalis)

I små vatn
på dei høgaste toppane
i Trollheimen
finnest eit lite krepsdyr
som har overlevd siste istid.

I dag fyller mora mi
åttitre år og bekreftar teorien
om nunatakar i tilveret.

Sjå der, sjå der,
seier den gamle optimisten,
du står han nok av
nokre istider til.

torsdag 22. mars 2012

285

(22. mars: Stor gutt, no)


















Stor gutt, no, førti år
og eg prøver å måle ut tida
i kalenderblad

tenker tilbake
på da du drog heimefrå
som attenåring for å prøve lykka
hadde det vori i mi tid
hadde du reist til sjøs

men det var i di tid
og du reiste berre til hovudstaden
for å erobre den virtuelle verda

den verda som ikkje finst,
men som du går ut og inn av
som det passar deg
og fortel meg om

når du er i mi tid
og vi er tre generasjonar guttar
som går i skogen,
leikar med barkebåtar,
og fiskar

det er ikkje alltid lett
å vera deg, det er ikkje alltid
lett å vera meg,
men du er stor gutt, no,
og du skal vita
at vi har berre ei tid
å dele og ingen kalender
å måle den ut i.

onsdag 21. mars 2012

286

(21. mars: Vårjamndøgn)

Endeleg er sola på veg hitover
for å dra graset opp av jorda,
slå opp grønne parasollar i trea
og lære fuglane å synge.

Snart er ho heit nok
til å sette fyr
på den gamle dungen
av vissent lauv og tørrkvist
som eg har samla på
sidan ho loffa sørover
i fjor haust.

Dette er siste sjanse til å rydde opp
og brenne bråte
før det blir forbode.

Med spaden skal eg snu torva
og blande aska med jord,
slik eg sjølv blir aske
og torv etter den siste
bråtebrannen
når nokon ryddar opp
etter ein lang vinter.

tirsdag 20. mars 2012

287

(20. mars: Erkjenning)

Eg høyrer graset skrape
mot teltduken

eg høyrer straumen snu
småsteinane i bekken

eg høyrer røsslyngen ringle
med bjeller rundt anklane

når eg lukker auga.
Da ser eg

lydane av små
små ting.

mandag 19. mars 2012

288

(19. mars: Ambivalent mandag)

Ut i våren.
Inn i isvinden
gang på gang

lar eg meg lure
av synet
og forventningane.

Det som skulle vori
eit lite inngrep
vart ei veke

på sjukehus.
Det som skulle vori
noen timars venting

vart til pendling
mellom å koma fram
og å koma heim

mellom spørsmål
og svar. Ut i våren,
inn i isvinden

gang på gang
lar eg meg lure
av røyndomen.

søndag 18. mars 2012

289

(18. mars: Tilflukt)


















Dei bygger ikkje  tilfluktsrom
lenger. Grei deg sjølv
eller gå under
når katastrofen rammar
er bodskapen, det nyttar ikkje
å rømme inn i fjellet
eller gjømme seg
i kjellaren.

Etter nedsmeltinga i Tsjernobyl
vart eg sendt på ABC-kurs
i Sivilforsvaret, at eg var lesekyndig
frå før nytta ikkje mot atomvåpen,
biologiske og kjemiske våpen.
Men eg vart sendt heim
fordi gassmaska ikkje passa
til brillene mine.

Sorry, du vil stryke med,
uansett, sa legen, men seinare
har dei erkjent at inga bokstavrekke
kan redde oss
frå vårt eige helvete.
Og det nyttar ikkje
med: Sesam, sesam

for det finst ikkje noko trylleord
som verner oss mot verkelegheita
og tilfluktsromma er lukka
og låste og tjener berre som lerret
for dei innfløkte orda mine
og taggarar som gir f'
i heile undergangen.

lørdag 17. mars 2012

290

(17. mars:  Falma)

Dei falma bussane i St. Petersburg
hadde hjula så langt
inne under karosseriet
at dei vagga som bilsjuke gjess
for å unngå dei djupe hola
i det som hadde vori asfalt

dei rosa bussane
hadde sikkert vori så raude
som revolusjonen
dei vissengrønne så frodige
som svartjordsbeltet
før utarminga og forfallet
og no streva dei

med å finne balansen
i eit nytt tilvere der tiggarane
hadde dei sikraste inntektene
og livvaktene med pistol i skulderhylster
på venstre side som eit forvokst
hjerte under dei trange skinnjakkene
hadde dei sikraste jobbane

for å beskytte dei betalande kikkarane
med eit auge utan dybdesyn
klistra til historia sitt titteskap.
Sjølv falma i dei verbitte
liva våre kjører vi slitne dagar
i sikksakk mellom søledammane
og faren mine lever ikkje
så han kan feira bryllupsdagen sin

og livvaktene har funni seg
noko meir lønnsamt å gjøra
og sjølv har vi knapt nok tid
til å bry oss om
den opprinnelege fargen
på livet.

fredag 16. mars 2012

291

(16. mars: Hjerneskift)



















Plutseleg begynte to varsellamper
å lyse. På verkstaden
kopla dei til ein computer
og fann ut at hjernen
ikkje virka, eg spinn
i glatte motbakkar og sklir
på stive hjul når eg bremsar hardt.

Ein ny hjerne er frykteleg dyrt,
så no søker dei Norden rundt
etter ein som er lite og fint brukt,
men ulikt hos oss held dei fleste
så lenge drivverket funkar.

Ho mistar av og til ord.
Medisinen koplar ut antispinn-
funksjonen og kvardagen
går i ball, men det finst korkje nye
eller brukte ord å få tak i
på den verkstaden ho er lagt inn på.

Til så lenge får vi vera varsame
både på gassen og bremsen,
men vi skulle hatt slike lamper,
vi og, tenk på all feilsøkinga
vi ville spart oss.

torsdag 15. mars 2012

292

(15. mars: Berre eit lite inngrep III)

Det kom ingen telefon
berre ei tekstmelding
etter mange timar
Mislykket. De jobba veldig
med meg i 2 timer. Mye
smerte nå. Får morfin.
Regner med å bli her i natt
også. Har fryse- og skjelve
tokter! Klem.
mens eg var på tolv
timars jobb og ikkje fekk ringt
før seint på kvelden.

Eg begynner å tru
at tida er parallelle fenomen
for mens legane jobba frenetisk
stod tida hennar stille
og mi halta av garde
med gnagsår på alle visarane
sjølv om sekunda
tikka eit sekund om gongen
og timane gjekk kronologisk.

No har eg levert bilen
til service og EU-kontroll
og ønsker oss så inderleg attende
til den verkelege tida.

onsdag 14. mars 2012

293

(14. mars: Berre eit lite inngrep II)

Kunsten å la tida gå
kallast å vente.
I går sat eg for n'te gong
i ein korridor, på eit venterom, i ei kantine
og visste litt om kva som skulle skje
men ikkje når
berre at ho fekk ei seng, blei kjørt inn,
fekk narkose og vakna att
etter eit lite inngrep
som ikkje let seg gjøra,
og eg som hadde venta
ei heil dag sette meg i bilen
og kjørte heim for å vente
på ein ny dag og nye meldingar
for den som ventar
ventar aldri forgjeves,
det er berre å nullstille tida
og erkjenne at tida som gjekk
aldri har eksistert, berre ho
og eg og her sit eg
og kan ikkje anna
enn å vente.

tirsdag 13. mars 2012

294

(13. mars: Berre eit lite inngrep)

Tyngda av det
som det ikkje blir noko av
er ikkje til å bera

berre eit lite inngrep
som ikkje let seg gjøra.

mandag 12. mars 2012

295

(12. mars: Båtpuss)

Eg må tilstå
at eg har fått noen skadar
på skroget opp gjennom åra,
gått på eit og anna skjeret,
skubba borti grunner,
sliti i stykker kjølskinna
og har fått litt slagside.

Men eg har enno til gode
å ta inn store mengder vatn.

No har eg bestilt
glassfiberduk, sparkel og herdar
for å lappe på dei større skadene,
fylle dei mindre ripene,
legge på ny topcoat
og polere det blankt.

Eg har berre dette
gamle skroget
så eg får gjøra det eg kan
for å halde meg flytande.

søndag 11. mars 2012

296

(11. mars: Bever  - Castor fiber)

Bever i Norefjorden

Eg gikk ned til båtplassen i morges for å sjå etter båten min etter vinteren, men oppdaga at beveren hadde vori der før meg. Han hadde felt ei stor osp rett ved sida av båten, men berre stubben stod att. Heile treet hadde han dratt med seg til beverhytta som for og bygningsmateriale.

Men i tillegg var han i ferd med å felle fleire osper, og ei av dei kunne komme til å falle tvers over den omvendte kjølen. Eg drog derfor stavnen litt til sides, for eg forventar ikkje at beveren skal ta omsyn til behova mine.

I det heile tatt har eg gjennom dei tilfeldige studia mine av beveren sitt liv og lagnad, komi til den konklusjonen at beveren er like vilkårleg som døden. Dei fleste trea feller han berre for å halde reiskapen kvass og dugleiken ved like. Ikkje fordi han er svolten.

lørdag 10. mars 2012

297

(10. mars: Fønvind)


Seinsommerkveld på vidda


Fønvinden kom i går kveld
mens eg stod ute på tunet
og såg på fullmånen
som gikk vaktrunden sin
i det stengte museet og lyste
på dei få skyane i gullrammene sine
rundt mørke, arkaiske motiv
og mens eg stod med ansiktet oppover
hørte eg eit djupt sukk
og kjente ein varm pust
mot huden
som når eg helsar på hestane
i hamnehagen og dei legg mulane
mot nesa mi og bles forsiktig
sin eigen ange på meg
før dei trekker inn mi lukt
så vi hugsar og kjenner att
kvarandre til evig tid
og kanskje er det sånn
det er med fønvinden og,
så det er du som er ute
i mørkret som vanleg,
kviskrar han, eg skal blåse
på deg gjennom den opne ruta
i heile natt så du drøymer
om hestar og kløvturar
på vidda til sommaren.

fredag 9. mars 2012

298

(9. mars: Den problematiske nærleiken)

Det finst ikkje større avstand
enn nærleiken,
den er så langt borte
når den er ønska,
men så klebrig og klam
når den er uønska
som kanneberarpytten, soldoggdråpen,
tettegrasbladet som krøllar seg
rundt meg og etsar seg gjennom
det ytre skallet mitt, gjennom kjøttet
til den nakne beingrinda mi
blir spytta ut, forsvarslaus
som eit barn
fordi eg veit at eg
har såra ein annan
som treng nærleiken
som plaster på skrubbsåra sine,
som liniment på brannskadene,
som kompress på knivkutta,
vik frå meg, nærleik,
manar eg da og klyv til topps
på fjellet for å sjå den
i perspektiv, sjå kor vakker
og frodig den er,
kor livgivande, for å vita
at om eg når fram til den
blir den like innpåsliten,
klengete og kvardagsleg
som før.

torsdag 8. mars 2012

299

(8. mars: Nærsyn vs. utsyn)

Horisonten
går tvers gjennom meg
når eg er oppe på vidda
eller ute på havet.

Da er eg midt i utsynet.
Nede i kvardagen
må eg legge hovudet
heilt bakover

for å sjå at datoen
på kalenderen
betyr meir enn nok ein dag
med matlaging og klesvask

heldigvis har eg progressiv
fortid og linser
og greier av og til å løfte perspektivet
og fokusere på avstand.

onsdag 7. mars 2012

300

(7. mars: Krakk (eller fordi eldste sønnen vår bur i Athen))

Knirk og knark
seier trea.

Ei malmfuru
dreg ein tørrgranbue

utan å finne tonen. Krakk
seier børsen

og talekoret kaklar
for liten fleksibilitet

tilpasningsevne, for høg
innlånsrente

seier børsen i munnen
på vinden.

Det var i denne gammelskogen
at Gud fekk børsnotert

ideen til tungetale.

tirsdag 6. mars 2012

301

(6. mars: Blindheid)

Vegen blir til
mens eg skriv
eller rettare sagt:
mens eg skriv
blir vegen til

sjukdommen sin veg
går av og til rett fram
eller har krappe svingar
med omvegar og avvegar
og ein og annan blindvegen.

Når eg skriv
kan du følge vegen
for eg er kartlesaren din,
eg skriv notene
og les dei høgt for deg

og når det står BLINDHEID
på skiltet, ordet for bakketopp
på islandsk, veit vi berre
at vi er blinde
for kor vegen svingar

og for kva som møter oss
på den andre sida.

mandag 5. mars 2012

302

(5. mars: Oppussing)

Det er ikkje tilfeldig
at eg maler det mørkaste
rommet i huset kvitt

etter å ha vori på beingule
sjukehus etter bleikgrønne
sjukehus.

Etter det utvaska
livet vil eg ha det kokvaska,
reinvaska livet.

Eg svergar til Lady: Sjel
i taket og Refleksjon
på veggane.

Eg lagar meg
lysare tider.

søndag 4. mars 2012

303

(4. mars: På trekket II)

Eg går i motvind,
bøyger meg lett framover
og tvingar meg gjennom eit kjerr
av spenstige, himmelhøge renningar
som svir mot skrotten
med lette, ertande slag

og eg finn meg i det

Eg innbiller meg
at eg er den sterke
og vinden den ettergivande.
Eg går i motvind
og kjenner den gjenstridige
himmelmaterien
sette handflata mot kroppen min
og halde meg tilbake.

Snu, vend om

kviskrar den iskalde Bøygen,
men eg vil ikkje vike
frå kursen min for eg er
den eg er og vil
dit eg skal
til eg set meg ned
for å kvile i ly av eit vindfall
og han held fram som før.
Til slutt kjem eg og

til å gå med vinden.

lørdag 3. mars 2012

304

(3. mars: På trekket)

Villreinen trekker på været.
Skal du koma på skotthald

av meg må du gå hardare
mot vinden

om du skal nå meg att.
Men du kan postere og vente

på at vinden skal snu
og vone eg kjem attende

i det samme sporet.
Det er lov å håpe

men det blir dårleg jaktutbytte
på slike jegarar.

fredag 2. mars 2012

305

(2. mars: Den samme vegen)

Denne vegen fører rett i berget.
Det drar. Kom hit!
Du kan kjøre rett fram,
det er ein port
som opnar seg
om du har fart nok.

Sesam, sesam - tør
du ikkje? Kva
har du å tape?
I denne verda
er ingenting muleg.

Men eg fikserer blikket
på glipa
mellom det svarte berget
og det blendande lyset
frå semitraileren.

Det er den samme vegen,
og denne glipa er porten min
til livet.
Sesam! Sesam!

torsdag 1. mars 2012

306

(1. mars: Flagellantens evangelium)

Ho skjer reimer
av skinnet mitt og flettar dei
til seige sveiper,
ho slår dei med tunga
og snerten smell
som han skal.

Eg blør litt
på ryggen. Av medkjensle
strør ho salt i
så det skal slutte å blø
og ikkje sette seg verk i.

Så gir ho meg pisken
og lar meg piske
meg sjølv i det velkjente ritualet
av pinsame ord
og fråvere av berøring.

Eg grin ikkje.
Men bannar gjør eg,
for sjølvkjensla
og piskesnerten svir.