Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





tirsdag 31. juli 2012

154

(31. juli: Down & out)

Har du ikkje hørt
at lyng

syng
har du ikkje vori
langt nok nede.

mandag 30. juli 2012

155

(30. juli: Sommarnattslyset)




















Viss du knipsar
med neglen
mot sommarnattslyset
ved havet
vil du høyre
at det kling
i krystall.

søndag 29. juli 2012

156

(29. juli: Blå drøm)














Nei, det er ikkje Egeerhavet,
denne blå sjøen
med mylderet av øyer
og turkise bukter
kanta av kvit skjellsand
og gulgrønn tang
for det er i slutten av juli
og eg har langbukse
og vindjakke på.

I fjæra finn eg
store bitar av korallar
skylla opp frå reva
på dei store djupa.
Eg set meg ved vinduet,
høyrer på Leonard Cohen
mens eg skriv eit dikt
og ser ut over mitt Hydra.

lørdag 28. juli 2012

157

(28. juli: Blikkstilla)

Sjøen er av krom,
rustfri.
Den einate ornamentikken
er dei sirlege gråhegrene
som står sveisa fast
etter kantane
og innimellom slit seg laus
med tunge baks.

Eit containerskip
klippar seg omstendeleg fram
og lagar eit reint rift
mens ein speedsjark
flekkar tenner og flerrar
eit takkete skår
i plata.

Hadde dei sett seg tilbake,
ville dei sett at kromen
tilforlateleg glatta ut
alle spor.

Nok er nok,
plystrar vinden, han har makt
til å krølle
sjøen uvørent saman
som aluminiumsfolie.

fredag 27. juli 2012

158

(27. juli: Det er meir mellom himmel og hav)

Sjøen er for alle,
fri
som lufta for fuglen.

Her trengst ikkje forbod
og påbod,
berre ein diskret stake

som ymtar frampå
om ureint farvatn,
og tidvise glimt

av lys.
Mellom himmel og hav
er det alltid eit fyr.

torsdag 26. juli 2012

159

(26. juli: Havet kjem)

















Noko er farlegare
enn det gir seg ut for
slik som når havet
kjem ruslande under fullmånen
og liksom tilfeldigvis
prøver å gå i land

motstrebande dytta fram
av ein vilkårleg vind
og lovmessige tiltrekningskrefter
kunne det like godt gått i land
i Amerika og Asia og Afrika
og overalt

går det i land
mens det hevdar uskylda si
og mens eg ventar på langfjæra
gjennomfører det den langsiktige
okkupasjonen sin frå eincella tøffeldyr

til panserpadder og dinosaurar og urfuglar
og sjølv inn i cellene
og blodårene sitt fint forgreina
kanalsystem og tarmsystemet
sitt grovt dimensjonerte
avløpsnett

stig havet
til premissane er lagt
for eit systemskifte og gråten
tar meg.

onsdag 25. juli 2012

160

(25. juli: I stormen)

Når du treng det mest,
når masta knekk
og du ikkje lenger trur på krafta
i dine eigne ord

valne rundt årene
og grunnbrottet opnar protalen
mellom tilvera
under ein aura av sjørokk

da når du Utrøst, landet
det gode, som berre er til
for han som er i havnaud
og berre har ei farbar lei

utover, utover.

tirsdag 24. juli 2012

161

(24. juli: Odyssevs i stormen)


















Vindharpespel i høgspentledningar.
Flygande, ljomande bølgeblikkplater
rivne laus av stormen.

Enn å kunne spele slik.

Ei takkete revne i skumringa
der platene skjer seg fram
gjennom vasstrekt vømmølshimmel.

Fortrolla fuglar dett daude til marka
under vindharpestrengane. Midt i arbeidet
stivnar mennesket til ein mørk stein

på sprang mot sirenesongen.
Ein rusta knivsegg borar seg ned i skjellsanden,
forgiftar blodet og spreier svart død i kvit kropp

skjer songen tvert av.
Nok er nok. Mennesket vender tilbake
til arbeidet og stormen.

Enn å kunne synge slik.

mandag 23. juli 2012

162

(23. juli: Eg vil sova)

Det er rom
for så mykje
i det store mørkret

Eg vil sova
med opne auge
slik at mørkret
i meg
skal flyte ut
og finne seg betre plass

eg vil sjå
i det store mørkret
at skyane driv sin veg
og blottlegg
stjernene

mens eg søv
og ikkje anar
kva eg er
ein del av.

lørdag 21. juli 2012

163

(22. juli: 22. juli)
Landego ved kveld


















Vi sat i solskinn
på ein veranda med utsikt
mot Lofotveggen
vest i havet.

Det meldes om en eksplosjon
i regjeringskvartalet.

I synsranda låg tindene
og saga smale skår
i himmelen,
rett utafor oss låg Landego,
landit hitt goda, huldrelandet
som steig opp av havet
for å berge den forliste
og gi ly mot stormen.
Og vi sat i solskinn
på ein veranda.

Det skal være avfyrt skudd
på Utøya.

Sola begynte å gå ned
der ute bak huldreheimen,
men eg visste
at så langt nord i Hyperborealis,
lykkelandet, ville berginga
berre vera skjult
til vi trong ho,
til sola fekk vaska havet
ut av auget.

Det meldes om mange
drepte.

Og eg visste
at auga våre
skulle vaske seg
i det same havet.

164

(21. juli: Mens dei venta)























Før
hadde dei ei hemmeleg
dør
den opna
dei berre etter likvaken
når dei skulle bera
dei døde
ut av huset
slik at sjelene
ikkje skulle finne vegen
tilbake mens dei venta
på domens dag

dei visste
at sånt kunne ta si tid,
før i tida,
at det kunne bli lenge
å vente
før livet sleppte taket
i døden.

I dag går døden
så fort
at vi ikkje treng
noka skjult dør,
i dag er det døden
som er hemmeleg.

fredag 20. juli 2012

165

(20. juli: Nytt forsøk)

Det er ikkje vi
som tar ferie
frå sjukdommen

det er sjukdommen
som tar ferie
frå oss

så får vi håpe
at det går opp
i opp.

torsdag 19. juli 2012

onsdag 18. juli 2012

167


(18. juli: Den siste smaken)

Når all annan smak
i livet er blitt borte,
når dei søte gledene
har krystallisert seg
og den salte snerten på tunga
har blitt fortynna til det uendelege
og det sure har skrumpa inn
til ein steinhard kjerne
som du ikkje kan knekke

er det bitre
det einaste du kjenner smaken av,
den smaken som alltid
har vori til stades, overdøyva
av alle dei påtrengande opplevingane,
fortrengt av lidenskap
og lyst. Den bitre
smaken av galle
forsvinn aldri heilt.

tirsdag 17. juli 2012

168


(17. juli: Korstroll)

















Ho er ei solstjerne,
rundt eit stort hjarte
er alt ordna
med strålar av blåraude
symmetriske tentaklar
som freistar deg til å røre
ved den piggete huden
så du skvett unna
mens ho, korstrollet,
truskyldig og umerkeleg
forflyttar seg mot byttet
og tusen sugekoppar
festar seg til det sterkaste skalet
og opnar det
for den grådige magen
som vrenger seg
rundt og løyser opp
alt den kan fortære
skjult bak det vakre ytret.
Det hender
at ho mistar ein arm
og da veks det ut ein ny,
nøyaktig lik den førre.
Ho er fordømt
til å vera slik ho er.


søndag 15. juli 2012

169

(16. juli:  Det står ein tiggar uti garden      (Siv Jensen vil tvangsutsende romfolk)

Vi stoler ikkje på fattigdomen,
her i landet,
han er for stygg
til å vera sann,
for skitten
til å vekke medkjensle.

Det står ein tiggar uti garden,
mor lilla, hau, hau...

Vi antar
at det alltid tomme
begeret til tiggaren
har dobbelt botn
og at det bak kvar fillefrans
står ein lytemakar,
ein Mr. Peachum,
eit kaldt hjarte
som skapar fattigdomen
i sitt eige bilde.

Vis han veg,
sei han nei,
du mi dotter Dalia.

Vi gremmes
fordi vi har lært
at salige er dei fattige,
for dei skal arve
velferdssamfunnet.

170

(15. juli: Utkast)














Først
prøvde den store Malaren
med tynne klattar
av kvitt
utover heile bergveggen,
prøvde å stoppe rørsla
midt i fallet,
ettertenksamt.
Da han var ferdig
med å skape
bergfrua,
malte han
fossesløret.

lørdag 14. juli 2012

171

(14. juli:  Vidare)
Over Valdresflya


















Kjenner du vegen?
Kjenner du
vegen bortanfor
den første svingen?
Bortanfor den neste dalen
og over det neste
fjellet?

Du kjenner aldri
det som ventar
deg.
Derfor fer du
alltid vidare.

torsdag 12. juli 2012

172

(13. juli: Faredagen)

Bilen er lasta
for eit heilt liv
når vi skal vera borte
frå ei behandling
til den neste.

På 1800-talet
braut tipp-tippoldefaren min
opp frå denne dalen
som eg bur i no
for å vandre til Romsdalen
for å skape eit nytt liv
for seg og familien.

"I yderste fattigdom
hele deres hus", skreiv lensmannen
og gav opp å pante dei ut.
Tre veker tok det dei å gå
femti mil med alt dei åtte
av ungar og fe over fjell og vidder
og gjennom dalar.
Aldri kom dei tilbake.

Faredagen min
tar åtte timar.
Eg fer omtrent den samme vegen
og eg skal tilbake.
Likevel er eg lasta
for eit heilt liv.

173

(12. juli: Perfeksjonisme)



















Eg kjenner folk
som terpar opp att
og opp att på ein liten detalj
for å få livet
perfekt.

Beveren feller forgjeves
tre
etter tre
for å få til
ein symmetrisk spiss
på stubben.

Eg hektar fast
i søkkte tre
når eg set garn
og forbannar
perfeksjonisten.

onsdag 11. juli 2012

174

(11. juli: Ikkje berre oss)

Fuglane syng
likevel

Fjorden stig
likevel

Det er ikkje berre oss
det dreiar seg om.

tirsdag 10. juli 2012

175

(10. juli: Ause båten)

















Det hender at båten lek
så eg står til knes i vatn
og ønsker at livet
var sjølvlensande
eller at eg sit fast i klisteret
og ber om
ein teflonbelagt hjerne
eller at eg går i ring
i skodda
og drøymer om å styre
etter stjernene


i staden finn eg fram
ausekaret, lensepumpa,
klisterfjernaren og kompasset,
ausar til eg flyt
og skrubbar til det svir
og går laus på livet
som det er,
når eg finn den rette kursen.

mandag 9. juli 2012

176

(9.juli: Tannfeen   (til Elias))


I går
kom den gode feen hit
med deg og pappaen din.

Du hadde med deg
ei nyfelt fortann
som du la i vatn.

I natt har tannfeen
vori her og trylla
tanna om

i klingande mynt,
indeksregulert frå pappaen din
var liten.

søndag 8. juli 2012

177

(8. juli: Flaumvarsel)

Kva for løyndomar held dei på,
dei kamuflasjefarga elvene
der dei snik seg på geriljatokt
og flaumar ut over lendet
på veg mot havet, forkledde
som menneskeverk, berarar
av alt ureint, av angst og smitte
og skjuler at dei er av det reine
vatnet, skapte av sol og vindar

dei er livet
men kamuflerer seg som døden
når han trekker skinnet stramt
over eit ansikt som er i ferd med
å forlate livet slik at sjela
må snike seg ut gjennom auga
dei vaskar omsorgsfullt bort festet
for røttene og kviskrar:
de greier ikkje å halde på meg,
de heller

gjør livet alt dette
berre for å sleppe unna
oss?

lørdag 7. juli 2012

178

(7. juli: Læredikt om forvitring)























Nei, det er ikke sant
at fururøttene
held verda saman,
dei kiler seg ned
i kvar minste sprekk,
i saumen i skallen
og med eit ufatteleg stivsinn 
og tolmod sprenger dei seg veg
til den innerste heilagdomen,
til Kaba, til det innerste
kvelvet der dei hemmelege formuene
ligg gjømte i bankboksar
med kodelås, der dei forbodne tankane,
den sensurerte historia
og dei uønska dikta ligg tørka
og samanpressa i herbarier
på gammalt pergament.

Fururøttene
er framtida sine fortroppar,
agentar for avantgardismen,
oppfinnarane av kubismen
og tolvtonemusikken
som borar skytehol
i berget for frostprengarane
som jobbar sekellange arbeidsdagar,
dekker til med matter av mose
og når eit nytt lag av fjell
blir vaska bort av vårflaumen
etter tusenårsvinteren,
susar dei til sola,
den store skytebasen: No
er alt blottlagt, no
er det din tur.

fredag 6. juli 2012

179

(6. juli: Før det er for seint)























Det er fururøttene
som held verda saman,
dei kryp bortetter berget
og bind det
med ledd som låser seg
og vever seg inn mellom dei andre
til eit nett som fangar
forvitringa og fikserer
grunnen under oss,
porsjonerer lyset så vi ser
utan å svi oss,
samlar mose og bar
til vern mot kommande frosttider
og til grobotn for okkupantane,
dei tungsindige granene i prestekappene
som kveler verda med mørkret sitt
mens dei skjøre kronene vaiar
høgt over dei breiskuldra furuene
og klagar over vinden
og tilveret i det heile
til toppen knekk
eller det overflatiske fotfestet glepp
og dei bikkar over ende
og blottlegg berget og den verda
som held på å gå i oppløysing,
forvitra og overlatt til snø og regn
utan nokon til å breie over seg,
berre dei fortrengte furuene
prøver forgjeves
å finne eit nytt feste
før det er for seint.

torsdag 5. juli 2012

180

(5. juli: Skorpe)

Eg pillar skorpa
av såret
fordi det klør

men da gror det
saktare
og svir litt meir

men verken
blir borte.
Eg kallar det

eit dikt.

onsdag 4. juli 2012

181

(4. juli: Som Troilus klagar eg)



Som Troilus klagar eg
over at natta
er for kort,
men der han trong ho
for å vake med vakre Criseyde
treng eg natta for å sova,
draumelaust og fredeleg,
og mens han slåst
om dagen og elska
om natta
slåst eg om natta
og elskar om dagen.

Han kjempa for æra
og blei sviken
til slutt.
Eg strir berre
for livet.

tirsdag 3. juli 2012

182

(3. juli: Morgon etter regn)



Etter morgonvasken
ristar brisen
vatnet ut av granskjegget

soltunga
lepjar i seg
dei siste dropane.

mandag 2. juli 2012

183

(2. juli: Hellerissing)

Trommene dunkar i granitten
tar sakte form av omrisset
av elgen som ber eit menneske
i magen

trommene dunkar i blodet
følger stien av spor i tid
inn i den nakne menneskenerven
og dansar seg fram

til brunstgropa i den mørke gjørma
på den bortgjømte glenna
og til solrenningstimen
med bakset av vengar
som vandrar på vegar av vind

uforvarande kryssar eg
eit evig usynleg spor av trommer
over eit flaberg
lydlaust dunkar dei elgen sin rytme
inn i fotsålane mine.

søndag 1. juli 2012

184

(1. juli: Leveregel for myrmenn)

















Vi stansar ikkje
for å nyte utsikten.
Vi går over myrene
i staden for å krongle oss fram
gjennom bjørkekjerret.

Vi har lært oss til å lesa
vegetasjonen og ser
på avstand kvar det er søkkemyr
som sviktar under vekta
av det vi ber på
og syg oss rett ned

vi har lært oss til å gå
der torva gyngar,
men bærer oss om vi går
med lange, fjørande steg
og nyttar den forsinka motstanden
i dynnet til å løfte oss opp att
frå rotnande repe

så lenge vi held rytmen
og oss sjølve i gang
og ikkje stoppar så vi tar til å synke,
støvlane sig ned
og vi blir ståande fast, balsamert
av det evige mørkret.

Nei, vi stansar ikkje
for å nyte utsikten.