Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





mandag 31. desember 2012

1

(31. desember: Nytt år)

 
Vi feirar den siste
dagen i det vonde,
gamle året og den første
i det nye.

Eg har ikkje noko å feire,
men følger skikk og bruk
og sender opp fyrverkeri og tenner
gnistrande stjerneskudd.

Eg har ikkje lært
noko nytt dette året, men repetert
at livet er ei hard reise,
det går ingen snarveg

utanom dei svarte dagane
til dei raude festdagane
på kalenderen. Kjærleiken
svir no verre enn før. Kvar sans

har sitt eige berøringspunkt,
men den søte smaken er borte.
Eg er usynleg som meg sjølv,
men Ventemannen, skyggen min

skriv det aller siste diktet
og ordnar alt som det skal vera
med fakkelboksane, stjerneskudda
og fyrverkeriet for det nye året.

søndag 30. desember 2012

2

(30. desember: Saltrosehagen)

 
Eg dyrkar saltroser
i vinterhagen,
dei veks med frosten,
den rå eimen av gråt
i lufta og snoen.

Eg feller ikkje vinterpelsen,
han blir berre lenger
og lenger
og dempar slaga
mot det firkanta hjertet

som hakar seg fast
i små ting.
Året har vrengt nattsida ut
og saltrosene gror
under middagsmånen.

Tidsrekninga skiftar namn
frå mørketidsår
til fimbulvinter.
 

lørdag 29. desember 2012

3

(29. desember: Alt)

 
Alt er her,
men ingen ting er likevel til
for det er så forgjengeleg,
skjørt, at det varar berre
så lenge du vil
halde det fast,
gripe med krafta du har
og så sleppe taket
i alt når du drar
og eg må leva
med det som er her
og vita det er
alt som var.

fredag 28. desember 2012

4

(28. desember: I trass)

 
Greinene bøyer seg
for snøen,
dei kviler ikkje,
dei spenner i mot
av alle krefter

men maktar ikkje
reise seg opp utan hjelp
frå vinden, den arge,
so flyttar på alt
som er rotlaust.

Greinene bøyer seg
til buen brest
eller ristar av seg børa
og rettar ryggen
så høgt det går.

Dei som ikkje greier det
blir liggande, men skyt nye skudd
på den gamle stammen.
Det er ingen ting
som gjør seg sjølv.

torsdag 27. desember 2012

5

(27. desember: Resignasjon)

 
Eg teller ned mot slutten
av det vonde året og starten
på eit nytt

eg tar eit skritt fram
og to tilbake og går baklengs
attende til start

det er ufatteleg
at eg ikkje har komi lenger
etter å ha gått så langt

og alt eg ser framfor meg
er skodda som skjuler
merke og med

og tvingar meg
til å gå i ring.
Eg trur ikke eg orkar

eit år til utan å koma
fram. Eg kan like godt
bli her.

onsdag 26. desember 2012

6

(26. desember: Nattsida)

 
Ho lever på trass,
feiar avmakta av tankane
som flass, men brått
stig desperasjonen
som ei springflo i hjertet hennar
og renn over, fyller
munn og auge fordi månen
er det einaste lyset
på nattsida av jorda
og dreg gråten til seg.

Det hjelper fint lite
at sola har snudd for ho
lyser berre for sin eigen fot
og det som er til stades
på solsida.

Ho lengtar, ho lengtar,
ho lengtar så inderleg
etter ein sorgfri og smertefri dag,
men det einaste ho har att
er eit nesten usynleg spor
i natterimet
på berrfrosen mark.

tirsdag 25. desember 2012

7

(25. desember: Etterpå)

 
Tomheita etterpå
når det einaste vi har å vente på
er etterbyrden,
når fokuset er på barnet
og mora er etterlatt tom
og i fare for å forblø
dersom ho ikkje blir passa på.

Men Ventemannen er der.
Han har slikt å gjøre
for mens dei tar avstand
frå byttingen og mor hans
sit han på sengekanten
og nynnar ein bånsull
og skriv eit trøstedikt.
Juletreet har begynt å felle nåler
og julepapiret er brent opp
og ingen hugsar kven gavene var frå,
berre kven dei var til.

Vi har overlevd både Mayakalenderen
og Mammons gjenfødelse.
Det bryr ikkje Ventemannen
at det ikkje blei dommedag
eller frelse,
denne jula heller.