(6. oktober: Den store, vide verda II)
Da eg var liten
var eg stor nok
for verda. Ho var
eit hundreogåttigraders synsfelt
framom meg
så voks ho til ein sirkel
på trehundrogseksti grader
med meg som midtpunkt,
nav og tannhjul.
No er verda grenselaus
i rom
men avgrensa i tid
og eg sirklar rundt
ytterst i periferien.
Det eg fryktar
er den dagen
da verda er eit hundreogåttigraders
minnefelt bak meg
og auga mine ser ingen ting
framom meg.
Allikevel trodde jeg selv på oppmerksomheten, jeg hadde som
lim på hjernen, tingene ble liggende i et plan hvor de huskes.
Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor
var eg stor nok
for verda. Ho var
eit hundreogåttigraders synsfelt
framom meg
så voks ho til ein sirkel
på trehundrogseksti grader
med meg som midtpunkt,
nav og tannhjul.
No er verda grenselaus
i rom
men avgrensa i tid
og eg sirklar rundt
ytterst i periferien.
Det eg fryktar
er den dagen
da verda er eit hundreogåttigraders
minnefelt bak meg
og auga mine ser ingen ting
framom meg.
Jeg kjenner meg igjen i Sandemose sinbeskrivelse av barnet som suger til seg all mulig kunnskap. Sånn var jeg også. Men jeg kjenner meg ikke igen i beskrivelsen av resultatet. Jeg har nok aldri slutta heilt med å være barn.
SvarSlett