(22. oktober: Hommage à Arnljot Grøvdal (06.04.22 - 22.10.89))
Faren min var eigenleg bonde,
grøftegravar, brislingfiskar
og forskalingssnekkar,
men han trudde på landet
etter krigen og at framtida
sat i hovudet
så i staden vart han geograf
og rektor. Men han lærte meg
å dyrke jorda, fiske, snekre
og han lurte meg til å kappgrave
grøfter med han til han endeleg
let meg vinne
og på attenårsdagen min
vekte han meg på senga og sa:
No er du vaksen
og gav meg ein fint innpakka
Stanley-hammar med stålskaft
og gummigrep. Sjølv bygde han opp
ein skole frå ingen ting
til ei framtid for alle
og heldt fram med å bygge stillas
og drenere sur mark
og strauk bustekrøllene bort
frå panna med ein moldete neve,
sjølv påfunna mine bar han med seg
som ein plankeberar
på den kronglete stien
opp lia til hytta på fjellet,
sjølv ho vi mista
bar han med seg
som ein sekk med murstein
til å mure pipa med
til og med på skoddedagar
var trekken god og røyken steig
fint og varsla at her
var det folk og varme.
Sjølv om eg skriv med mykje luft
mellom orda
var han for stor
for dei.
var speilbildet mitt fra framtiden, der skyggene var av kjøtt
og blod og folk bor i hus som er halvveis drømmer.
(Einar Màr Gudmundsson: I toetasjes tomhet)
Faren min var eigenleg bonde,
grøftegravar, brislingfiskar
og forskalingssnekkar,
men han trudde på landet
etter krigen og at framtida
sat i hovudet
så i staden vart han geograf
og rektor. Men han lærte meg
å dyrke jorda, fiske, snekre
og han lurte meg til å kappgrave
grøfter med han til han endeleg
let meg vinne
og på attenårsdagen min
vekte han meg på senga og sa:
No er du vaksen
og gav meg ein fint innpakka
Stanley-hammar med stålskaft
og gummigrep. Sjølv bygde han opp
ein skole frå ingen ting
til ei framtid for alle
og heldt fram med å bygge stillas
og drenere sur mark
og strauk bustekrøllene bort
frå panna med ein moldete neve,
sjølv påfunna mine bar han med seg
som ein plankeberar
på den kronglete stien
opp lia til hytta på fjellet,
sjølv ho vi mista
bar han med seg
som ein sekk med murstein
til å mure pipa med
til og med på skoddedagar
var trekken god og røyken steig
fint og varsla at her
var det folk og varme.
Sjølv om eg skriv med mykje luft
mellom orda
var han for stor
for dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar