(25. oktober: Ishud)
Eg har kledd skroget mitt
med ishud
budd på å kjenne blank stålis
bli splintra mot spanta,
skarpe stilettar bøyest av
mot kopparskinnet
blåisklumpar leikar berg
og dunkar bråkjekt mot kjølen
under vasslinja: her i familien
har vi senka større skrog
enn ditt
stangar panna
mot eit kontinent i drift
rundt aksen som spinn på skeive
gjennom æva og tvingar meg
til å vike unna
eller la meg fryse
fast i isen
eg har kledd meg
i ishud for å halde ut alt
og kunne seie:
eg har vori der
kor ingenting
er.
Eg har kledd skroget mitt
med ishud
budd på å kjenne blank stålis
bli splintra mot spanta,
skarpe stilettar bøyest av
mot kopparskinnet
blåisklumpar leikar berg
og dunkar bråkjekt mot kjølen
under vasslinja: her i familien
har vi senka større skrog
enn ditt
stangar panna
mot eit kontinent i drift
rundt aksen som spinn på skeive
gjennom æva og tvingar meg
til å vike unna
eller la meg fryse
fast i isen
eg har kledd meg
i ishud for å halde ut alt
og kunne seie:
eg har vori der
kor ingenting
er.
Det er vanskelig å forberede seg på det som er vanskelig og samtidig være tilstedeværende og empatisk.
SvarSlett