(9. oktober: Det aude huset)
I det aude huset
er det berre rom
for meg,
det er hundre meter
frå kjøkkenbenken
til stuebordet og ein kilometer
til badet.
Inn frå verandaen
står snøfokket
og tvingar meg
bort frå det snaublåste golvet
og til å grave meg ned
i ly under dyna
og drøyme om
at eg er ein bjørn
som kjem ut av hiet
i april.
I det aude huset
er det berre rom
for ein tanke,
han er vinden
som tar all plassen
og fyller den tomme lufta
med einsemda
og seg sjølv.
I det aude huset
er det berre rom
for meg,
det er hundre meter
frå kjøkkenbenken
til stuebordet og ein kilometer
til badet.
Inn frå verandaen
står snøfokket
og tvingar meg
bort frå det snaublåste golvet
og til å grave meg ned
i ly under dyna
og drøyme om
at eg er ein bjørn
som kjem ut av hiet
i april.
I det aude huset
er det berre rom
for ein tanke,
han er vinden
som tar all plassen
og fyller den tomme lufta
med einsemda
og seg sjølv.
Hun er reist for å få strålebehandling. Jeg venter og håper på et vellykka resultat, men det får vi ikke vite før om seks til åtte uker.
SvarSlett