(27. oktober: I vindauget)
Hit
kjem vinden
frå fjellet
frå fjorden
fjellvinden dett
hjelpelaust
utfor floget
riper revner
i berget,
rapar i røys
fjordvinden
stig i land
med ein lun lunk
av noko varmare.
I dalbotnen
møtest dei begge
den istykkerslåtte
og den svulmande
kjenner i undring
at vi er
av det same.
I vindauget
er det både innsyn
og utsyn
og dørgande stille.
Hit
kjem vinden
frå fjellet
frå fjorden
fjellvinden dett
hjelpelaust
utfor floget
riper revner
i berget,
rapar i røys
fjordvinden
stig i land
med ein lun lunk
av noko varmare.
I dalbotnen
møtest dei begge
den istykkerslåtte
og den svulmande
kjenner i undring
at vi er
av det same.
I vindauget
er det både innsyn
og utsyn
og dørgande stille.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar