(15. februar: Linseskift)
Tid for linseskift,
tid for å bytte
dei vasne glassmanetane
som skyggar for auga
med eit nytt, skarpt blikk
på verda
kvitte meg med belegget
av kvite saltrender i augnevippene
etter gammal gråt,
tid for å fokusere
gjennom progressive linser
samle lyset
i eitt punkt og sende
eit høgreist signal: eg ser
på dei kvite fjella
eg ser på den rufsete
skogen, eg ser
på den svarte råka,
eg blunkar linsene på plass
og ser meg sjølv
tydeleg
og veit at det er
som eg er.
Tid for linseskift,
tid for å bytte
dei vasne glassmanetane
som skyggar for auga
med eit nytt, skarpt blikk
på verda
kvitte meg med belegget
av kvite saltrender i augnevippene
etter gammal gråt,
tid for å fokusere
gjennom progressive linser
samle lyset
i eitt punkt og sende
eit høgreist signal: eg ser
på dei kvite fjella
eg ser på den rufsete
skogen, eg ser
på den svarte råka,
eg blunkar linsene på plass
og ser meg sjølv
tydeleg
og veit at det er
som eg er.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar