Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 29. februar 2012

307

(29. februar: Skottår)


















Det er skottårsdagen
i dag og vi har fått
ein ekstra dag
i det vonde året,
ein dag eg ikkje ville ha
fordi året er langt nok.

Men i går kunne kreftlegen fortelle
at cystene i lungene er under kontroll
og den som er i underlivet
har gått enno meir tilbake.

Eg er ei champagneflaske
som nokon har rista
før ho blei opna
og ein dag eg kom heim frå jobb
hang det ein pose
med eit raudt håp
på dørhandtaket. Eg veit ikkje
kven det kom frå,
men eg tenner det i dag,
for eg samlar på alle glimt
av lys.

Vi har fått ein ekstra dag
i dag og no skal eg opp
på åsane for å varme ansiktet
i sola og kjølne tankane
i vinden.

Vi har fått
ein ekstra dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar