Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





tirsdag 21. februar 2012

315

(21. februar: Dette er berre ein prøve)

Testing / testing / testing
i dag fyller Harald og Guillermo
år, ein konge av eit land
og ein flyktning
utan land

testing / testing / testing
dette er berre ein prøve
for landet vårt:
bestått / ikkje
bestått, eg gløymer ikkje feiringa
da Guillermo og Sandra
blei norske statsborgarar

testing / testing, kanskje
kjem Kongen
eller enno ein flyktning
utan land mens vi går gjennom
vår private
testing / ein - to - tre:
CT

ein prøve i venting,
prøve i livet
vidare, prøve i livet
etterpå

etter at svara
har komi, etter
at vi veit det vi ikkje
veit no
etter at vi har fått vita
det
vi vil vita eller
det
vi ikkje vil vita

Testing / testing /
testing. Gratulerer
med dagen, dette
er berre ein prøve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar