Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





fredag 14. september 2012

109

(14. september: Hundedikt IV - Klomerke)

















Terrenget stemmer ikkje med kartet lenger.
Det skal ikkje vera nokon veg, her

men det skulle vori ein sti, ein stad.
Kva er sør, kva er nord?

Korleis var dei gamle teikna med mose
på trea og plasseringa av maurtuene?

Som Konge utan kompass og stav
har eg alt for lenge stolt på den beståande orden

på at terrenget rettar seg etter vedtaket
frå herskaren, at mennesket rår

over naturen. No kryp angsten fram
frå vindfall, steinurer og myrhol

legg seg i bakhald med auge, tenner
og ragg. Legg etter seg klospor og kadaver

enno er skyggen bak maurtua
ein grasbjørn, har ikkje reist seg på to

på menneskevis, lysten på mannekjøtt.
Herskarhammen spring frå fornuften

og finn ei lysning i skogen.
Her har eg då vori før?

Angsten er eit klomerke
på ein furulegg.

Ikkje noko meir.

1 kommentar:

  1. Livet består ofte i å gå ring. Vi er vanemennesker som gjør det samme om igjen og om igjen. Men plutselig går ikke kabalen opp. Vi blir ramma av noe vi ikke har kontroll på, for eksempel alvorlig sjukdom, og da blir handlingene våre ofte ulogiske og uhensiktsmessige.

    SvarSlett