Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





onsdag 18. januar 2012

349

(18. januar: Og eg liker det ikkje)

Ho blei sendt heim frå sjukehuset
i går

og eg liker det ikkje

for ho går som ein gammal cowboy
som ikkje har vori ute av sadlen
på tre veker og ho har eit batteri
av medisiner med seg
Xeloda for kreften, Afipran og Stesolid
for kvalmen, Penomax for infeksjonen
og Paracet og Tramadol og Voltaren for smertene
og Apodorm for å få sove
om ho treng det

og eg har ein klump i magen

ho har ekstra nefrostomikateter-
posar med seg og ekstra tuber og koplingar
og hefteplaster og ho skal ha heimesjukepleie
ein dag i uka og CRP'en
har ikkje gått heilt ned

og eg har ein kveitekrok i brystet
og eg liker det ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar