Det "vonde" året var 2012, bloggen blei avslutta da året var omme. Men sjukdommen fulgte oss videre, med oppturer og nedturer, og i dag skriver jeg for å fortelle at kona mi døde 13. september 2013.

Jeg håper noen har funnet styrke i å lesa dikta mine som fulgte henne på mye av veien. Nå er det jeg som prøver å samle styrke til å gå videre. Og når det blir som tyngst og jeg ser inn i mørket i meg sjøl, ser jeg at det brenner et lys i det innerste rommet. Og jeg veit hvem som har tent det og hvorfor det brenner.





torsdag 26. april 2012

250

(26. april: Når gråten tar meg)


















Også eg er ein del
av vatnet sine metamorfosar.
Eg er eit mellombels reservoar
for vatn på veg
frå ei form til mange,
eg demmer opp
for stillingsenergien
før eg frigjør den
som rørsle.

Eg fangar vatnet
i eit eroderande landskap
med skuringsstriper og rullestein
og løyser opp noko av meg sjølv
og lar vatnet formidle det vidare
til ei verd
som ikkje kjenner att meg
i eit einaste molekyl
eller ionebinding
som går inn i ein ny metamorfose,
ei stri elv, ein fjordsjø
før det når havet
for å stige til himmels
som damp, men håpet om kvile
kondenserer til dropar
og regn og snø
og eg gret over meg sjølv
utan å ane
kven eg var.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar